Soveboksar - telemarkskanalen

Vi har teikna ein prototyp for soveboksar langs Telemarkskanalen. I fyrste omgang settast soveboksane opp i pakkbuene på Bandaksli og Fjågesund brygge, men på sikt er tanken at det skal leggast til rette for overnatting i fleire av pakkbuene nedover kanalen. Prosjektet er utvikla for Telemarkskanalen regionalpark, og skal vere eit lågterskeltilbod for syklanda og padlande langs kanalen. Kvar soveboks har overnattingsplass til fire personar, og er utstyrt med innlagt straum. Prosjektet inneheld også ein enkel kjøkkenbenk for matlaging, samt stolar og bord. 

 

 

Prosjektfakta:

Stad: Bandaksli og Fjågesund
Oppdragsgiver: Telemarks-
kanalen regionalpark
Prosjektperiode: 2018
Arkitekt: Feste Sør AS
Foto: Dag Jenssen