soria moria
Bakgrunn
Telemarkskanalen er ein viktig, veletablera og tradisjonsrik attraksjon i regionen, men i konkurransen med andre reisemål slit ein med å få opp besøket. Dei som bur i området, turistar og reiselivsoperatørar treng å bli minna på, og få fornya sitt forhold til kva kanalen og kanallandskapet har å by på av opplevingar og forteljingar. Telemarkskanalen regionalpark ynskjer å legge til rette for at tilreisande og folk som bur i området skal få oppleve kanallandskapet på nye måtar.
Prosjektet er delt inn i 6 delprosjekt med utgangspunkt i landskapet og dei allereie etablera attraksjonsklyngene. Attraksjonsklynger er fokusområde dei seks kanalkommunane ynskjer å arbeide vidare med.
I desember 2015 blei det gjennomført forprosjekt, med konkretisering av heilskap/overordna grep, samt utvikling av idéskisser for to delprosjekt; Dalen og Ulefoss. Forprosjektet byggjer vidare på landskapsanalyser og forstudiet.
Les meir om bakgrunnen for prosjektet her.
Soria Moria vart tildelt DOGA Merket for god Design 2019. Les meir her.
soria moria
Frå arkitekten: Nede ved Bandak står ein sponkledd skikkelse og skodar nedover kanalen. Bratte fjellsider stupar ned i vatnet, og dannar eit dramatisk utsyn. Tåka ligg lett over vasskorpa.
Prosjektet Soria Moria er utvikla av Telemarkskanalen regionalpark i samarbeid med Tokke kommune, og er ein del av eit større kunstprosjekt for heile Telemarkskanalen – Vannvegens fortellinger - der kunst, arkitektur og ljos nyttast for å lyfte fram attraksjonskrafta i landskapet og lokale særpreg.
Bygget sin karakteristiske silhuett er ei tolking av dei skrånande fjellsidene som forsvinn ned i Bandak. Kledningen av spon er inspirert av lokal byggeskikk. Innimellom tresponen blenkjer det av gull. Gullsponen dreg linjer til segn og soger og lokal forteljartradisjon; til det mystiske og underlege. Gullsponen er også ein referanse til den openbare kontrasten som oppstod mellom lågmælte telemarkingar og overdådig utanlandsk overklasse under etableringa av Dalen Hotel på slutten av 1800-talet. Bygget rommar ei badstue, omkledningsrom og takoverdekt utsiktsbenk.
Langs øvre enden av Bandak er det langgrunt, bortsett frå i djupålen Sigurdsevja. Prosjektet er difor plassert på pålar i vatnet langs djupålen for å legge til rette for bading. Sigurdsevja er ei tydeleg og karakteristisk landskapsform på staden. Plasseringa av gangbrygga og badstubygget bidrar til å understreke denne forma. Gangbrygga koplar seg på eit eksisterande turvegnett langs Bandak med kopling vidare opp til Dalen Hotel.
Eit nordisk designteam, samansatt av arkitekt David Fjågesund (Feste Landscape / Arkitektur), landskapsarkitekt Inge Dahlman (Asplan Viak), ljosdesigner Tobias Olsson (ÅF Lighting), kunstnar Maria Änquist Klyvare og prosjektgruppeleiar Lars Haakanes (Feste Landskap / Arkitektur) har stått for utforminga. Skorve Entreprenør har vore utførande. Lokal materialbruk har stått sentralt i prosjektet. Sponen er levert av Øyfjell Sag og bryggedekket av Tinnoset Sag.
Presse:
- Link til VTB sin artikkel 23.02.2016
- Link til Varden sin artikkel 19.02.2016
- Link til TA sin artikkel 19.02.2016
- Link til Wallpaper* 28.10.2018
- Link til Archdaily.com
- Link til artikkel på Gessato.com
- Link til artikkel på designboom.com
- Link til artikkel Conde Nast Traveler
- Link til artikkel på arqa.com
- Link til artikkel på avontuura.com
- Link til artikkel elledecor.com
- Link til video Visit Norway
- Link DOGA
- Link til artikkel i Ljuskultur
- Link til video Visit Telemark
Prosjektfakta:
Sted: Dalen,
Tokke kommune
Oppdragsgjevar:
Telemarkskanlen regionalpark og Tokke kommune
Prosjektperiode: 2015-2019
Arkitekt: Feste Sør
Landskapsarkitekt:
Asplan Viak
Ljosdesign: ÅF Lighting
Kunstnar: Maira E. Klyvare