Balestrand sentrum
Arbeidet gjekk ut på å gjera ei kartlegging og enkel analyse av kvalitetar og problematiske punkt i sentrum. Dette vart samanfatta i ein overordna tiltaksplan. Konkrete detaljplanar for utvalde område og aktuelle møteplassar vart vidare utarbeidd.
Arbeidet vart gjort i nært samarbeid med skulptør Geir Hjetland, for å få ei best mogeleg integrering av dei kunstneriske uttrykka.
Ein viktig del av arbeidet var knytt til innpassing av eit nasjonalt Reiselivsmuséeum i Balestrand sentrum.
Arbeidet skal danne grunnlag for vidare søknadar om pengar til gjennomføring av sentrumsopprusting med integrert utsmykking.
Prosjektfakta:
Stad: Balestrand sentrum
Oppdragsgjevar:
Balestrand kommune
Prosjektperiode: 2007-2008 Landskapsarkitekt:
Feste Sør AS
Kunstnar: Geir Hjetland
Arkitekt Reiselivsmuséet:
Askim/ Lanto Arkitekter AS