HOLM LANDHANDEL
Holm Landhandel er eit gamalt tømmerhus i to høgder. Opphaveleg bygd på Notodden, flytta til Hjartdal ca 1930. I bruk som landhandel fram til 1980.
Holm Landhandel har ei sentral plassering som del av knutepunkt Hjartdal langs den nye "Sogevegen om Nutheim", og som inngang til kyrkjeområdet frå nordvest. Planar for bygget er å utvikle det som møtestad med utstilling av lokale opplevingar og produkt, kafé, kunstopplevingar og kanskje overnatting i andre høgda. Bygget skal både rette seg mot lokalsamfunn og dei som kjem framom som gjester etter vegen.
Bygget er tenkt både tilbakeført og fornya. Tømmerkjerna i første etasje sto tidlegare utan kledning. Fasaden er tilbakeført ved å fjerne kledningen. I andre etasje er panelkledninga tatt vare på. Fargane vert henta fram frå historien til bygget.
Vindauge og dører var uoriginale i format og uttrykk slik bygget sto. Dei opphavelege opningane vert nå tatt fram att, og vindauge og dører tilbakeførast til originale format. I andre etasje er dei opphavelege vindaugo tatt vare på og restaurert. Døra midt på veggen mot vegen vert opna som inngang att. Alle dørene vert erstatta av gamle som alt finst i bygget. Det vesle vindauget på nordfasaden over butikkvindauge er tenkt sett inn att.
I fasaden mot vegen erstattast butikkvindauget med eit nytt utstillingsvindauge, tydeleg moderne i form og detaljering, men med utgangspunkt i eksisterande vindaugsopning. Utstillingsvindauget skal innehalde eit kunstverk knytt til formidling av slåttenger og orkidéen søstermarihand og skal detaljerast i samråd med kunstnar.
Tilbygget mot sør erstattar det gamle pakkhuset/ jønnbua som var lager for butikken. Den ytre forma er lik den opphavelege, men materialbruk og utforming er ny.
Prosjektfakta:
Sted: Hjartdal kommune
Oppdragsgiver: Hjartdal og Seljord kommuner, Vestfold og Telemark fylkeskommuner, Statens Vegvesen
Prosjektperiode: 2020 -
Arkitekt: Feste Sør
Landskapsarkitekt:
Feste Sør