Kviteseid i framtida - 2015

Kviteseid i Framtida er eit stadutviklingsprosjekt der målet er å legge til rette for eit attraktiv og levande sentrum i Kviteseidbyen. Kviteseid i Framtida er vald ut som eit av prosjekta i Framtidens Bygder. Klimautfordringane er store og det er utvikla mange program som ser på korleis byane kan verta meir klimavennlege, men korleis bygder og småstader kan møte utfordringane er det sett lite på. Framtidens Bygder fokuserer på nettopp dette. Framtidens Bygder er eit samarbeid mellom Norske Arkitekters Landsforbund (NAL), ZERO og Tre Fokus. Programmet er finansiert av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, Landbruks- og matdepartementet, Husbanken og Innovasjon Noreg. Framtidens bygder arbeider med kunnskapsutvikling og formidling av informasjon om korleis mindre stader kan utviklast på ein berekraftig og klimavennleg måte, samstundes som det vert meir attraktivt å bu der.

Saman med M8 Design (www.m8design.no), har vi dei siste månadane arbeidd med utviklinga av to små prosjekt i Kviteseid sentrum. Det eine prosjektet er eit bakgardsprosjekt knytt til Café Hvidesøe, medan det andre prosjektet utforskar ein ny bruk av Bryggehuset på Kviteseid brygge. M8 har utvikla ein grafisk profil for Kviteseid, med utgangspunkt i Kviteseidgata og det omkringliggande landskapet. Den grafiske profilen utfoldar seg på turkart, tekstilveggen i Bryggehuset og på eigne Kviteseidpledd frå Røros Tweed. 

Prosjektet har også kjøpt inn eigne el-syklar som sommargjester kan leige frå Kviteseid Brygge. Bilda under er tatt av Dag Jensen. 

 

 

 

Prosjektfakta:

Stad: Kviteseid sentrum
Oppdragsgjevar: Kviteseid kommune
Prosjektansvarleg: Kviteseid kommune v/Elisabeth Lid
Prosjektutviklarar: Feste Sør
Arkitekt: David Fjågesund  
Prosjektperiode:  2015
Samarbeidspartar: Kviteseid Kommune, Telemarks Fylkeskommune, Feste Landskapsarkitekter, Framtidens Bygder, Norske Arkitekters Landsforening, Zero, og TreFokus