SOGEVEGEN
Då tunellen på E134 gjennom Mælefjell vart bestemt, vart det også sett av pengar i potten til å arbeide med ein opplevingsveg tilrettelagt spesielt for sykkelturistar. Men dette er samtidig eit prosjekt for utvikling og samhandling i bygdene Hjartdal, Svartdal og Flatdal. Her er kulturlandskapet med vakre blomsterenger og sogene knytt til landskapet viktige opplevingskvalitetar.
Medverknad og lokalsamfunn
Ein har tatt på alvor innspel frå lokalsamfunna og bygdelaga og satsa på tiltak spela inn for å synleggjera kvalitetar og opplevingar. Tilrettelegging der ein inviterar folk til å stoppe opp, som tek i bruk og transformerar gamle bygg og hentar fram sogene og synleggjer kulturlandskapet. Prosjektet er eit stor samarbeids- og medverknadsprosjekt der ein har utvikla sykkelruter, sykkelstopp, kunst og formidlingsmateriale. Prosjektet er forma utifrå innsatsen til folka som bur her og det vi får til når kommunar, vegvesen, fylkeskommune, lag og foreningar, næringsdrivande og eldsjeler går saman og greier å dra i samme retning. Det er lagt ned stor dugnadsinnsats i arbeidsgruppene som har arbeidd i prosjektet.
Kunst og landskap
Området står i ei nasjonal kunsthistorisk line som prosjektet har ynskt å vidareføre og utforske. Samspelet mellom kunst og stadutvikling er også sentralt. Prosjektet har invitert samtidskunstnarar til å la både natur- og kulturlandskapet og den immaterielle kulturarven, som forteljingane er del av, materialisere seg i kunst i uterom, i installasjonar eller skulpturelle uttrykk.
Stoppestadar og arkitektur
Det bygde er ein kombinasjon mellom gjenbruk av gamle bygningar i kulturlandskapet og ny arkitektur og kunst lagt til for å synleggjera og formidle landskapskvalitetar. Vi har arbeidd med forteljingane om lokalsamfunna og folka. Om bruk og forståing og tradisjonar knytt til stad og landskap, som vert spegla gjennom møteplassane som er tilrettelagt i dei ulike bygdelaga.
Visuell identitet
Sogevegen har en visuell identitet inspirert av segni om Flatdal, der det vert fortalt om Frøya som sit inni fjellet Skorve og vev dalbotnen som eit grønt teppe.
Dei grafiske elementa er bruka som ein raud tråd gjennom heile prosjektet og langs heile vegstrekningen.
Prosjektfakta:
Sted: Hjartal, Svartdal, Flatdal Prosjektperiode: 2016 - 2022
Oppdragsgjevar: Hjartdal og Seljord kommuner, Vestfold og Telemark fylkeskommuner, Statens Vegvesen
Arkitekt: Feste Sør AS
Landskapsarkitekt: Feste Sør AS
Prosjektleiing: Faun Naturforvalting AS i samarbeid med Feste Sør AS
Visuell identitet, skilt- og grafisk design: M8Design
Kunstnarar: Ånond Versto, Philipp Dommen, Hans Martin Øien, Jadwiga Podovska, Ellen Henriette Suhrke, Hans Kristian Borchgrevink Hansen, Barbro Raen Thomassen
Fotograf: Dag Jenssen