Seljord og sogene
"Seljord og sogene" er eit heilskapleg bygdeutviklingsprosjekt der fysisk tilrettelegging og kunst, kultur og opplevingar vert bruka aktivt inn som strategisk virkemiddel i stadutviklinga. Prosjektet vert bygd opp med ei rekkje delprosjekt. Delprosjekta har konkrete tiltak som skal sjåast i samanheng med kvarandre. Prosess, tverrfagleg samarbeid og felles løft frå lag og organisasjonar med langsiktig tenking, er metoden for å nå målet.
Seljord og øvre Telemark har ein rik og levande forteljartradisjon. Den immaterielle kulturarven er ein viktig del av landskapsopplevinga i området. Delprosjektet "Vatnet og Sjøormen" er eit attraksjonsprosjekt som skal formidle sogene knytt til vatnet; - både om Sjøormen, kulturhistoriske spor og andre fenomen. Vi skal leggje til rette for ei heilskapleg oppleving av natur, segner, historie og kunst. Virkemidla som skal brukast er kunst, arkitektur, lydopptak og webside. Utkikkspunkt, lyttestasjonar og kunstverk skal plasserast ut rundt vatnet.
Prosjektfakta:
Stad: Seljord sentrum og Seljordsvatnet
Oppdragsgjevar:
Seljord kommune
Prosjektansvarleg: Seljord kommune v/Harriet Slaaen
Prosjektutviklarar: Feste Sør AS og Springer Kulturstudio AS
Landskapsarkitekt:
Feste Sør
Arkitekt: Rintala Eggertson Architects
Prosjektperiode: 2008 - 2011
Samarbeidspartar: Seljord Kunstforening, Seljordspelet,
Landstadsenteret