Utsiktspunktet på nylende i flatdalsbakkan
På sykkel mellom soger og villblomar
Reisa gjennom Sogelandet i bygdelaga Hjartdal, Svartdal og Flatdal passar til eit tempo der du får sett og tatt inn over deg storslått natur og gamle kulturlandskap. I nutar, skogar, haugar og dalar finst det gygrer og troll, tussar og huldrer. Det seie i alle fall folk her. Segn og forteljingar knytt til landskap og stadnamn er ein viktig del av opplevinga her i bygdene. Dette landskapet har inspirert kunstnarar i generasjonar. Trollbindande natur og det vakre blå ljoset har leidd ein straum av kunstnarar til Telemark og Flatdal.
Frå utsiktsposten på Nylende, som nå er tilrettelagt som stoppestad langs vegen, ser du utover Flatdal og inn i Skorveveggen. Den grøne dalbotn er ei elveslette, i enden ser du innsjøen Flatsjå. Busetjinga vart samla i Flatdalslandsbyen, der det ligg 10 gardstun og Flatdal kyrkje frå 1654. Slik løyste ein at nedste del av dalen ofte vart liggjande under vatn om det var flaum.
Det vesle utsiktsbygget som nå har kome her, rammar inn den vakre utsikten. Opplevinga av å gå ut på utstikkaren gjennom ei ramme som endrar seg frå liggande til ståande, synleggjer dramatikken i landskapet med den flate, grøne dalbotnen og den bratte, blå Skorveveggen på ein ny måte. På andre sida av vegen er det lagt til rette for parkering både med bil og sykkel, og eit lite toalettbygg har kome opp. På veggen der finn de kart og informasjon som viser sykkelruter og stoppestadar. Bekken som kjem ned frå berget bakom har fått eit mura utløp der trøtte syklistar kan bade føtar.
Gamle E134 mellom Gvammen i Hjartdal og Århus i Seljord er under opparbeiding som lokal opplevingsveg, med sykkelruter og avstikkarar knytt til lokale stoppestader i bygdelaga. Feste Landskap Arkitektur AS har saman med Faun Naturforvaltning AS, Seljord og Hjartdal kommunar, Statens vegvesen og fylkeskommunen hatt ansvar for prosjektutvikling og utforming av det samla prosjektet. Utsiktspunktet i Flatdalsbakkan er den første stoppestaden som er ferdigstilt langs ruta (juli 2020). Heile prosjektet skal stå ferdig i løpet av 2021.
Prosjektfakta:
Stad: Flatdal
Oppdragsgjevar: Seljord og Hjartdal kommune
Prosjektperiode: 2018-2020
Arkitekt: Feste Sør AS
Landskap: Feste Sør AS
Veg: Vianova Kristiansand AS
Utførande: Skorve Entreprenør